Arego
kw:!support_us

Treningstider for Stord volleyball 2022/2023

 I Stord volleyball har me tilbud til unge og voksne i alle aldre. 

 


Minivolley:
Denne treninga er for barn i alder 6-12 år. Her blir barna kjent med sporten på ein leken, og morosam måte. Det er ikkje snakk om serving, smashing og opplegg. Det er snakk om å bli kjent med ein volleyball, lære å samhandle med andre barn, men først og fremst: leike og kose seg. 

Ungdomsgruppa gutter/jenter:
På desse to gruppene er ungdommen mellom 13 og 18 år. Her blir dei introdusert til sporten ved å lære dei ulike slaga, korleis ein kan forbedre teknikken og spele masse. Det er også mogleg å melde seg opp til seriespel mm dersom det er nok ungdommer på gruppene og det er interesse for det. 

VolleyForAlle:
Dette er eit tilbud til alle fra 16år og opp. På treningane er det litt teknikk som lærest, og mykje spel. Dette er ei ypperlig trening å bli med på dersom ein vil melde seg på HobbyVolley.

Damelaget/herrelaget:
Dette er gruppene for dei som er 18 år og over. På treningane blir det ein del teknikk og perfeksjonering av taktikk, slik at ein er klar til å spele i seriespel.

 

 

 

Kontakt
Kalendar