Arego
kw:!support_us

Om turneringa

HobbyVolley

er ei uformell turnering for vaksne som kvart år sidan oppstarten i 2000 har vore arrangert vår og haust. Det er påmelding i fire klassar:
Dame, herre, mix1og mix2.

Turneringa er ikkje open for volleyballspelarar i divisjonsspel under 35 år
Aktive spelara i volleyballserie under 35 år har ikkje lov å delta på turneringa. 

Maks 2 aktive spelara over 35 i aktiv volleyballserie på inneværande sesong  pr. lag.

Turneringa vert arrangert i Stord Sportssenter på Vikahaugane. Her har me 8 banar i Nye- og gamlehallen, i tillegg til kiosk. Har du med ungar legg me fram litt teiknesaker som dei kan kose seg med mens du spelar. 

Når du kjem inn i hallen vil du treffe på sekretariatet, og det er her du melder fra om at laget ditt har møtt opp og betaler påmeldingsavgifta. 

Stord Volleyball dømmer alle kampar. Det er våre spelera som opptrer som dommar og dei yngre stiller som poengteller. 

Dette er ei hobbyturnering som sprer idrettsglede og engasjement til alle. 

 

Til info, det blir tatt bilder på turneringa og det kan hende at bildene blir brukt i promotering.

 

Oppdatert:01.10.2022

Kontakt
Kalendar