Arego
kw:!support_us

Reglement for HobbyVolley

 

 

Følgjande reglar gjeld for kampavvikling i HobbyVolley. 

Me følgjer normale volleyballreglar, men me legg vekt på at dette er ei hobbyturnering og dømminga er mild. Arrangør dømmer alle kampar. Merk at det i hovudsak er yngre dommarar som dømmer. Me oppmodar om å ta omsyn til desse.

 

 

Her er nokre viktige hovudpunkt, samt spesifikke reglar for turneringa.

 

  1. Puljekampar
    Det vert spelt 2-setts kampar til 20 poeng, treng ikkje vinnast med to poeng. Maks 25. Det vert ikkje spelt eit tredje sett i puljekampane. Ved 1-1 i sett får kvart lag eitt poeng kvar. Maks 1 min pause mellom setta.

  2. Finale- og semifinale
    I sluttspelkampane vert det spelt tresetts kampar. Dei to første setta går til maks 20 poeng, treng ikkje vinnast med to poeng. Tredje sett går til 15 poeng. Tredje sett må vinnast med to poeng, men ikkje lenger enn til 20 poeng.
  3. Det dømmes strengt på nettberøring og overtramp under nett (heile foten over/løfter helen). Dette er og pga. skadefokus, då mange skader skjer her.

  4. Turneringa er ikkje open for volleyballspelarar i divisjonsspel under 35 år
    Aktive spelara i volleyballserie frå 18-35 år har ikkje lov å delta på turneringa. Maks 2 aktive spelara over 35 i aktiv volleyballserie på inneværande sesong  pr. lag.
  5. Laga kan bytte spelarar anten ved at dei roterer inn kvar gong dei bytter server, eller at ein og ein spelar bytter innbyrdes med melding til dommar. Ein kan ikkje bryte rotasjon om ein vel den modellen.

  6. I mix-klasse skal det vere minimum tre damer på banen heile tida.

  7. Heile baklinja er servefelt. I Gamlehallen er det lov å tråkke på baklinja med ein fot ved serv.

  8. Nettouch på serven er lov. 

  9. Det er ikkje lov å blokke serven.

  10. Det er lov å sparke ballen, men ikkje på serve (som serv).

  11. Oppvarming må skje før oppsett kamptidspunkt. Det er ikkje oppvarmingstid på banen før kamp.

  12. Det er maks ein timeoout pr. sett a 30 sekunder.

  13. Skjerming på serv er ikkje lov. Armane skal ikkje over hovudet. (NY)

  14. Det blir dømt mildt på dobbeltslag.  

    Oppdatert oktober 2025. 
Kontakt
Kalendar