Meny
Abonner på nyhende
Vellukka regional treningssamling på Stord
30.11.2015
|sa
44 spelarar og 10-12 trenarar og foreldre frå Stord, Sveio og Bømlo/Gilje fekk ei god treningsøkt i regionens treningssamling i Gamlehallen i dag. Kåre Mol var instruktør og imponerte med å organisere 44 spelarar i alder frå ca 8-9 til 19 år. Med bruk av tre langnett vart det ei effektiv og lærerik økt med fokus på både teknikk og spel. Kåre er oppteken av å trene i forhold til ballbaner, noko bruken av langnett og legg godt til rette for.
Etter økta var det ei samling for trenarar i lag med Kåre Mol og Otto Hatlebakk frå regionen. Det er alltid nyttig å prate i lag og utveksle erfaringar. Me ser fram til neste slik fellesøkt for klubbane i Sunnhordland!
Her er nokre foto frå økta. Fleire kan sjåast på Svein si fotoside her.
Kontakt
- Ole Sæbø Sævareid
- volleyballgruppa@gmail...
Kalendar