Arego
kw:!support_us

Stordherrene med sølv i 3. divisjon!

21.02.2017 |sa

Stordherrene spelte siste serierunde i Sandslihallen søndag 19. februar. Ein særs aktiv dag med fem kampar vart krona med finalespel og siger 2-0 mot eit forsterka Kvernbit. Førsteplassen sikra og sølvmedaljane i årets 3. divisjon. Hadde laget delteke på første serierunde, så hadde gullet vore innan rekkevidde. 

På søndag var det innleiande puljespel mot BSI3 (2-1) og Søre Neset (2-1). Deretter øvre sluttspel mot ungdomane frå Gneist 2 (2-0) og Sotra (2-1). I finalen var me innstilt på tøff kamp mot eit Kvernbit som var forsterka med to kvalitetsspelarar, men med 2-0 hadde Stord god kontroll i begge setta. 

Treningsinnsatsen har i år vore varierande, men når gutar og karar først er på banen, så er det ein positiv gjeng som gir alt for laget. Kjekt  at Anders Bakken Ottesen (16) fekk sin kampdebut!

 

Bak frå venstre: Anders Bakken Ottesen, Øyvind Langballe Storebø, Vegard Vatna Skjetne, Jacob Sortland. 
Foran frå venstre: Erik Nilsen Onarheim, Anders Haga, Svein Andersland. 
Ein skada Jan Fredrik Andersen var ikkje med, men er og sølvmedaljør!

Fleire foto kan sjåast her

Kontakt
Kalendar