Arego
kw:!support_us

Stord tok sterk siger mot Gneist

10.11.2013 |sa

I første sett kom Stord godt i gang og fekk tidleg ei 6-0 leiing. Settet vart tatt enkelt 25-12. I andre sett vart det noko jamnare og storddamene sleit tidvis med dårleg mottak. På slutten retta dette seg og settet vart vunne 25-20. I tredje sett tok Gneist ei tidleg leiing og var førande til 18-16. Da skjerpa Stord spelet og fekk inn fleire avgjerande ballar til ein relativt komfortabel 25-20 i dette settet og. 

Ein forventa jamn kamp vart avgjort av eit Stord-lag som klarte å spele eige spel og presse Gneist til å gjere feil. 

Kontakt
Kalendar