Arego
kw:!support_us

Resultat og fotoalbum frå Kværner HobbyVolley nr 31!

22.11.2015 |sa

Kværner HobbyVolley nr 31 er historie. Sjå her for resultat og fotoalum.

Denne gong vart det gjennomført 95 kampar på 7 banar i løpet av 9 timar. For å få dette til er me avhengige av alle i volleyballgruppa, så stor takk til dommarane (i alderen 15-51 år), poengteljarane (bl.a. dei minste frå U13, som er framtida vår), riggarane fredag kveld, damelaget i sekretariatet, Odd med sitt 31. kampoppsett, Frode og føresette med viktig innsats i kiosken og alle andre som gjer dette til ein utruleg kjekk volleyballdag! Sju av dei yngre dommarane hadde dommarkurs med teoritimar fredag kveld og praksis på laurdagen. Kurshaldar og elitedommar Asle Halleraker frå Sveio var imponert over dei unge dommaraspirantane, så dette lover bra for volleyballsporten framover. 

Full innsats i kampen mellom Salesforce og Velstand! 

Kontakt
Kalendar