Arego
kw:!support_us

Resultat Junior-NM i sandvolleyball i Oslo 2019

13.08.2019 |sa

Det vart gode resultat for stordspelarar i årets junior-NM i Oslo, første veka/helga i august. Ingrid Synnøve Ladehaug og Nanett Halwe debuterte i JU17-klassen. Dei var rangert som nr 6 og endte til slutt på ein flott 6. plass. Heile 36 lag deltok i JU17 i år. Jentene vann si pulje klart, og spelte seg gjennom 1/16 og 1/8-delsfinalane. I kvartfinalen vart det tap 0-2 mot god mostand. Ingrid og Nanett vart med sin 6. plass beste hordalandslag. Kjempebra!

I GU19 spelte Ivar Utbjoe Andersland med makker Eirik Åsmul frå Eikelandsosen. Gutane vart nr 2 i puljespelet og vann 1/8-delsfinalen greitt 2-0. Så vart det stopp i kvartfinalen 1-2, der tredjesettet endte 18-20. Svært nære både semifinale og finale. I plasseringsspelet endte Ivar/Eirik til slutt på 5. plass, noko som er ei god plassering. 

Her er nokre fotoglimt: 

Ingrid Synnøve Ladehaug og Nanett Halwe med flott 6. plass. 

Eirik Åsmul og Ivar Utbjoe Andersland med 5. plass i NM. 

Kontakt
Kalendar