Arego
kw:!support_us

Resultat 2. div-kampar 24.-25.10.15

25.10.2015 |sa

Stordlaga i 2. divisjon spelte heile fem bortekampar i helga. Det vart siger og tap for både damene og herrene. 

Damelaget tapte 0-3 mot Nyborg 2 på laurdag, men vann 3-1 over BSI. På søndag vart det tap 0-3 mot unge og fremadstormande Rossvoll. Med eit litt redusert mannskap er damene rimeleg fornøgd med poengutbyttet likevel. Neste kampar er borte mot Kvernbit og Dalen 7. november. 

Herrene spelte to kampar i Stemmemyren søndag. Det vart eit litt forsmedeleg tap 1-3 i første kamp mot BSI, etter å ha tatt første sett greitt 25-20. Kampen snudde etter at BSI fekk betre flyt i spelet sitt. Samstundes sakna Stord sin faste oppleggar Anders Haga. Vikar Jan Fredrik Andersen gjorde likevel ein flott jobb, og Stord slo BSI 2 greitt 3-0 i andre kamp for dagen. Ivar Utbjoe Andersland vart også skada med forstua tommel i første settet mot BSI. Neste kampar for herrene er borte mot Sotra og Lyderhorn 8. november. 

Herrekampane vart streama her (kan sjåast i reprise): https://livestream.com/accounts/15591201

 

 

Kontakt
Kalendar