Arego
kw:!support_us

Minivolleyball i Sveio

23.10.2013 |sa

Fantastisk dag hos Sveio Volleyball!

Sveio inviterte Stord til volleyball-samling U13 - søndag 20. oktober. Ein gjeng med 9 spente nye volleyballspelarar (jenter 10 – 12 år) og mange foreldre møtte til samling.

Og bare for å ha sagt da med ein gong; Detta var kjekt!

Først ei god økt med teknikk-trening, pause m/pizza og brus – før avsluttande turneringsspel. Her delte ein inn i tre ulike nivå/alder og spelt seriespel.

Dette var første gong jentene frå Stord fekk prøva det å spela volleyball. Fin øving! Og ein del fekk også testa seg som dommar. Spennande. Alt i alt ein super dag!

Stor takk til Sveio for initiaivet. Me i Stord må få til noko liknande andre vegen seinare i sesongen. 

Kjetil
Trenar

Kontakt
Kalendar