Arego
kw:!support_us

Juleavslutning 2018

31.12.2018 |sa

40 glade volleyballspelarar deltok på juleavslutninga 17. desember. Gamlehallen vart som vanleg rigga med to langnett på langs av hallen. Med fire banar styrte Marie og Ingrid kampoppsett med blanda lag frå alle dei yngre laga. Anders var stødig oppvarmingsleiar. Etterpå vart det pizza og saft i Idrettsstovo, der Marie og Ingrid og hadde førebudd ein volleyballquiz i Kahoot. På toppen av det heile hadde Per Øystein henta med gitaren og fekk oss ordentleg i julestemning med kjende julesangar.

Takk til alle som bidrog til avslutninga!

Nokre glimt frå aktivitetane: 

Kontakt
Kalendar