Arego
kw:!support_us

Heidersmerke til Lorentz Kannelønning og Karl Henrik Gjerde

12.04.2018 |sa

På dagens årsmøte i Stord IL vart Lorentz Kannelønning og Karl Henrik Gjerde tildelt heidersmerke i bronse for sin innsats for volleyballgruppa. Begge to har kvar på sin måte hatt stor innverknad på Stord Volleyball sin aktivitet sidan starten i 1976.

Stord Volleyball gratulerer Lorentz og Karl Henrik med velfortent heider!

Her følgjer grunngjevinga for tildelinga: 

Lorentz Kannelønning
Lorentz markerer starten på organisert volleyball på Stord. Etter studiar i Trondheim kom Lorentz tilbake til Stord, der han saman med andre, m.a. Arve Blokhus, etablerte den spede starten for volleyballsporten på Stord. Først gjennom etablering av volleyball i Teachers United, seinare sentral i arbeidet med etablering av Stord Volleyballklubb, stifta 20. oktober 1976. Lorentz har frå starten til heilt ut på 1990-talet vore ein pådrivar for volleyball på Stord, både som spelar og mange år som leiar og trenar.

I tillegg har Lorentz i mange år vore med Hystad Serv & Smash i HobbyVolley, seinast som sprek 70-åring i 2013! Me har mykje å takka Lorentz for!

Karl Henrik Gjerde
Karl Henrik Gjerde flytta til Stord sommaren 1985, og blei straks spurd om å trena Stord sitt herrelag. Overgang frå Viking til Stord - også som spelar - kom i stand frå 01.01.86. Karl Henrik var då spelande trenar for Stord sitt herrelag i fleire sesongar. I starten så spela Stord i 4. divisjon (ses. 85/86) og enda på 3. plass. Med Karl Henrik som trenar, vart det innført nye treningsmetodar og nye spelesystem (frå 2 til 1-oppleggjar og 2–mottakarsystem). Dette til stor inspirasjon for spelarane og gav eit viktig sportsleg løft for klubben. Sesongen 86/87 vann Stord 4. divisjon med siger i alle kampar og berre tre tapte sett. Året etter rykka same laget opp til 2. divisjon på direkten (den gang Norges nest høgste nivå). Etter ein sesong på det nest høgste nivået med mange tap, gjekk det nedover. Fleire sentrale spelarar dro til andre lag høgare opp i seriesystemet og laget rykte ned. På slutten av perioden som trenar for Stord, blei Karl Henrik også tatt inn i staben som landslagstrenar herrar junior 1989–1992  (beste resultat: Gull i Nordisk Meisterskap i Bodø 1992). Karl Henrik hadde seinare ein gjesteopptreden som trenar i Stord sesongen 95/96. Etter mange års pause har Karl Henrik no fungert som trenar igjen for ungdomslag i Stord Volleyball. Denne gang for Stord jenter U19/damer 4. divisjon sesongen 2017/2018.

Trenarutdanning: Aktivitetsleiar 1976, Trenar 1 1979, Trenar 2 1988

Dommarutdanning: Aspirantdommar 1975. Kretsdommar 1979. Forbundsdommar 1992. Elitedommar frå 1994

Karl Henrik Gjerde med velfortente blomar og heidersmerke. Lorentz Kannelønning var ikkje tilstades. 

Kontakt
Kalendar