Arego
kw:!support_us

God sesongstart for damene

20.10.2013 |sa

Stord opna sesongen sterkt med å slå Dalen 3-0 (25-13, 26-24, 25-16) på laurdag og Sotra 3-1 (23-25, 25-17, 25-22, 25-15) tidleg søndag føremiddag. Turid melder om litt nervøsitet i laget sidan det var dei første kampane, men ein veldig god start mot Dalen ga god sjølvtillit. Sotra var eit slagsterkt lag og ga Stord god kamp. Mykje godt spel, med press på serv og i angrep ga Stord overtaket og til slutt ein grei siger. 

Etter ein lang kamppause var det overraskande bra samspel i laget og med god innsats i seriepremieren lover det godt for sesongen vidare!


Fornøgde damespelarar, frå venstre: Marianne Velure (kant), Siw Haaland Pedersen (midt), Grete Anuglen (kant), Gry Tuset (midt, spelande trenar), Anna Kvamme (diagonal), Ingveig Stensletten (midt) og Turid Verdal (oppleggar). 

Kontakt
Kalendar