Arego
kw:!support_us

Gåvefest i Sparebanken Vest

04.10.2017 |sa

Stord Volleyball vart tildelt kr 25.000,- på Sparebanken Vest sin gåvefest i går. Om lag 35 lag og organisasjonar fekk til saman kr 850.000,- frå SPV.

Støtta til volleyballgruppa er øyremerka opprusting av sandvolleyballbanane i Nordbygdo. Det trengs mellom anna ny sand på begge banane og nytt nett. Stord Volleyball ønskjer å bidra til fysisk aktivitet blant barn og ungdom i deira nærmiljø og. Både organisert og uorganisert speling på sandvolleyballbanar er eit godt og populært alternativ. 

Me takkar Sparebanken Vest for støtta, og er glad for at vår lokale bank er ein viktig medspelar for "å gjere Stord ein litt betre stad å bu".

Leiar Svein Andersland tok imot gåvestøtta på vegne av volleyballgruppa. 

Det er stor frivilleg aktivitet på Stordøya!

Her står det meir om tildelinga: Artikkel Sunnhordland

Kontakt
Kalendar