Aktivitetar i gang under korona
Med nye retningslinjer i høve koronatiltak har treningane i volleyballgruppa så smått starta opp att. Jenter U17 har valt å ha to innetreningar i veka fram til skuleslutt. Laget skulle ha delteke på NM U17 i Stavanger i mars. NM vart som kjent avlyst, men seinare utsett til slutten av september. Forhåpentlegvis blir NM arrangert etter planen, og nokre gode treningar før sommaren kjem difor godt med. I tillegg har damelaget i 3. divisjon valt å ta nokre treningsøkter.
Det er frivilleg å møte på trening i desse tider, og Stord Volleyball følgjer sjølvsagt retningslinene frå Norges Volleyballforbund i forhold til førebyggjande tiltak rundt volleyballtreningar: https://volleyball.no/nyheter/nvbfs-koronavettregler/
I tillegg har ivrige sandvolleyballspelarar i klubben rigga til sandvolleyballbanen i Stord Idrettspark. Sjå oppslag på banen om treningstider for volleyballgruppa, samt reglar for bruk av banen.
- Ole Sæbø Sævareid
- volleyballgruppa@gmail...