Arego
kw:!support_us

Stordspelarar på RM sandvolleyball i Strandvik

10.06.2016 |sa

11.-12. juni vert regionmeisterskapen arrangert i Strandvik. Stord er representert i klassane J15, G17, G19 og open klasse. 

Nanett Halwe og Ingrid Ladehaug speler i J15-klassen på søndag. Desse to har hatt stor framgang med volleyballen, og debuterer i organisert sandvolleyball. Me ønskjer dei lukke til!

Ivar Utbjoe Andersland stiller i G17 (laurdag) og G19 (søndag) saman med makker Johannes Helland-Hansen frå Rossvoll. Storebror Håvard stiller i open klasse (søndag) saman med Anders Kalleklev Voreland. 

Me ønskjer alle laga lukke til med to kjekke og solfylte dagar i Strandvik! 

 

Kontakt