Arego
kw:!support_us

Sølv i NM U17 sandvolleyball

03.08.2016 |sa

Det var kjekke og innhaldsrike sandvolleyballdagar (31. juli - 2. august) under årets NM U17 sandvolleyball i Kristiansand, der Ivar Utbjoe Andersland og makker Johannes Helland-Hansen frå Rossvoll spelte seg heilt fram til finalen.

Dei vann innleiande puljespel på søndag med to 2-0 sigrar. Likeeins gjekk det i 1/8-delsfinalen, kvartfinalen og semifinalen, som vart spelt på måndagen. I finalen tysdag møtte dei førehandsfavorittane Ringøen/Brekke frå Kristiansand Sandvolleyballklubb (KSK). Fokus før finalen var å spele sitt eige spel og ta ein ball om gangen. I første sett kom dei litt bakpå, og brukte settet til å spele seg inn i kampen. 15-21 var likevel ikkje avskrekkande langt bak. I andre sett kom gutane godt i gang og heldt følgje heilt til stillinga 21-22. Da fekk Ringøen/Brekke sin tredje matchball, og avgjorde finalen med 23-21.

Sølv er likevel eit fantastisk bra resultat for Ivar og Johannes, og me gratulerer med flott NM-sølv! Takk og til Sunniva Helland-Hansen for coaching i semifinalen og finalen!

Klikk her for FOTOALBUM.

Kontakt