Arego
kw:!support_us

Serierunde nr 3 på Stord 11.-12. januar 2014

05.01.2014 |sa

Stord Volleyball er arrangør av serierunde nr 3 for U13 (minivolleyball), U19 og herre 3. divisjon.

Laurdag 11.1 er 46 lag påmeldt U13 minivolleyball. I minivolleyball er det tre spelarar pr lag. Med 6x6m banestorleik og tre langnett i Gamlehallen får me plass til ni banar. Med 122 kampar blir det full aktivitet frå kl 1130! 

Søndag 12.1 speler jenter U19 og herre 3. divisjon sine kampar i Nye- og Gamlehallen. Kampstart kl 1130 laurdag og kl 1200 søndag. 

Stord stiller med tre lag i jenter U13, eitt lag i jenter U19 og herre 3. divisjon. 

Oppdatert informasjon på vår facebookside!

Kontakt