Arego
kw:!support_us

Resultat frå Kværner HobbyVolley 17. november

20.11.2018 |sa

Det var rekordmange 49 lag i haustens HobbyVolley, og me takkar alle lag for innsatsen både på og utanfor bana. Spesielt vil med trekkje fram Vear Mix som tok den lange turen over fjellet frå Tønsberg for å spele volleyball på Stord. Første lag frå Austlandet set vi stor pris på, og ønskjer vestfoldingane tilbake så ofte dei kan. Advokatkontoret Sunnhordland kan og nemnast med det største aldersmessige spranget i laget. Her feira eldstemann 73-årsdagen på HobbyVolley, i lag med yngste på 12 år. Gratulerer med dagen! Faces and Aces hadde og med seg den sannsynlegvis yngste som har tatt gull i HobbyVolley. Gratulerer til Emil, 13 år!

Resultatservice og fotoalbum er lagt ut i menyen under "Kværner HobbyVolley". 

Kontakt