Arego
kw:!support_us

Rapport frå NM U17 sandvolleyball

13.08.2015 |sa

Ivar Ubjoe Andersland og Johannes Helland-Hansen frå Rossvoll gjorde sine saker bra under NM U17 sandvolleyball i Kristiansand 3.-5. august. 

I innleiande puljespel vann dei 2-0 i begge dei to første kampane. I tredje kamp hadde dei puljevinnarane (og seinare bronsevinnarar) i kne  med 21-17 i første sett, men tapte til slutt 1-2.

Med andreplass i pulja gjekk dei direkte til 1/8-delsfinale kl 0900 andre turneringsdag. Her vart det dessverre tap 1-2. Første settet enda nokså spektakulært da gutane vann dette 22-20 etter å ha stått imot tre matchballar på stillinga 16-20. Ivar var kald på serveplassen! Neste to sett vart det litt for høg feilprosent mot jamnt gode motstandarar. 

I plasseringsspelet 9.-17. plass vann gutane alle tre kampane, og endte dermed på ein veldig bra 9. plass av 23. lag. Ikkje verst for gutane som ikkje har spelt eller trent i lag før NM. Dette kan bli veldig bra til neste år!

Kristiansand Sandvolleyballklubb har eit flott anlegg med 10-15 banar, tre stk innandørs. Arrangementet gjekk prikkfritt, og sjølv ikkje ein regntung tysdag kunne øydelegge eit fantastisk artig NM!

Her er nokre glimt frå kampane:

Kontakt