Arego
kw:!support_us

Nytt gjerde på sandvolleyballbanen!

26.04.2015 |sa

I dag vart gjerdet rundt sandvolleyballbanen heva med 1 meter, takka vere ein fantastisk dugnadsjobb av herrene Jan Fredrik Andersen, Øyvind Langballe Storebø, Vegard Vatna Selvåg, Pål Kristensen og Anders Haga. I tillegg hjalp Ivar og Håvard Utbjoe Andersland med montering på slutten. 

Takk til Montèr Stord ved Bjørn Helge Anuglen som sponsa material og Ing. Øyvind Jørgensen som sponsa gjerdet.  

I mai vert det dugnad med rydding og flytting av sand inn på banen. Banemerkinga må og fiksast etter mopeden som tok feil av sandvolleyballbanen og Hustredalen i fjor haust. 

Anders og Pål i aksjon. 

Pål, Anders og Jan Fredrik ser ganske så nøgde ut med resultatet. Øyvind bak kameraet. 

Her skal det ikkje lenger sprette mange ballar over gjerdekanten! 

Kontakt