Arego
kw:!support_us

Klubbutviklingskveld 18. februar

27.01.2020 |sa
INVITASJON TIL KLUBBUTVIKLINGSKVELD
 
Tysdag 18. februar kl 18.00–20.30 vert det ny klubbkveld i Stord Volleyball. Denne gong i Idrettsstovo, Stord Idrettspark.
 
Kate Sønstebø frå Norges Volleyballforbund, som var med på den første klubbkvelden i oktober i fjor, vil og denne gang lose oss gjennom ein innhaldsrik kveld.
 
Det vert ein trivelig klubbkveld med formål å styrkja gruppa si vidare drift, bl.a. med fokus på tema som vart gjennomgått sist klubbkveld. Nokre av tiltaka er følgd opp, andre ikkje. Denne gongen skal gruppa samla sett ta stilling til om tiltak skal vidareførast, justerast eller kuttast ut.
 
I løpet av økta blir det og servert pizza.
 
Dette er eit flott tilbod til volleyballgruppa, og me har høge forventningar om frammøte av alle spelarar, trenarar, oppmenn, føresette, styremedlemar og andre som er glade i volleyball på Stord.
 
Me treng deg på klubbutviklingskveld! Og du treng ikkje ha vore med på første kvelden.
 
Påmelding gjer du enkelt via denne lenka:
https://www.formpl.us/form/806326013
Kontakt
Kalendar