Arego
kw:!support_us

Klubbsamling med regionen

17.09.2014

32 spelarar frå Stord og Sveio fekk ei god treningsøkt leia av landslags- og Nyborg-spelar Ørjan Siljander og mangeåring trenar i regionen Frode Andersen. Slike samlingar gjev godt med inspirasjon til treningsarbeidet. 

Etter treninga var det klubbmøte leia av Otto Hatlebakk i regionen med trenarar og leiarar frå Stord og Sveio. Gode drøftingar av klubbdrift, erfaringsutveksling mm i møtet.

Klubbane har godt av å møtast, så dette er eit godt tiltak av Hordaland Volleyballregion. Neste gong håper vi fleire klubbar i Sunnhordland kan bli med!

Her er nokre foto frå kveldens fellestrening:

Ørjan Siljander, Nyborg og landslaget

 Ørjan Siljander, Nyborg og landslaget.

 

Kontakt