Arego
kw:!support_us

Kanonhelg for stordlaga i helga!

30.11.2014 |sa

Ei fantastisk flott helg for stordlaga i ulike volleyballseriar, med nesten full pott for alle laga!

Damelaget slo Trio 3-1 og tapte 0-3 for Rossvoll på laurdag (sjå anna sak). 

På laurdag stilte Stord i andre serierunde med to lag i minivolleyball U13. Trenar Kjetil Djuve rapporterer: 
Stord U13 Jenter sine to lag gjennomførte ei svært god seriehelg på Sotra lørdag 29/11. Det eine laget vann alle sine 3 kampar i sin klasse (med eitt hold), og dermed nærmar seg klar for spel i ny klasse (utan hold). I denne klassen var det andre Stordlaget med - her blei da 2 seirer og eitt tap i 3.divisjon. Begge lag syner stor framgong, både som lag, men også enkeltvis spelar for spelar. Dette gir god inspirasjon til neste serierunde som er på Stord 10. januar!

Flinke jenter på Sotra (med nye drakter!): Foran: Marie. I midten: Margrete og Martina. Bak frå venstre: Malene, Maria, Nanett og Ingrid. Bakerst: Kjetil Djuve, trenar. 
 
I dag spelte J19 og herrelaget 2. serierunde på Sotra. Jentene leverte årsbeste og vann sine tre kampar! Mykje bra spel, og opprykk til 1. divisjon. Det blir kjekt å sjå laget på heimebane 11. januar! 
 
Herrelaget vann og alle sine kampar 2-0, og har stø kurs mot 2. divisjon. Laget slo Møhlenpris og Rossvoll 3 i innleiande puljespel, deretter Sotra og Austevoll i sluttspelet. 
 
Kontakt