Arego
kw:!support_us

Første SkuleVolley arrangert

06.11.2019 |sa

SkuleVolley er ei nyskaping for Stord Volleyball, og eit direkte resultat av klubbutviklingskvelden som vart arrangert 5. september (sjå anna nyhendesak). Initiativtakarar og pådrivarar har vore våre yngre spelarar Marie, Lovise, Margrethe og Adrian, med god bistand frå Bendik.

Skuleungdom født 2002-2004 vart invitert og måndag 4. november stilte seks lag frå Rimbareid ungdomsskule, Nordbygdo ungdomsskule, Stord ungdomsskule og Stord vidaregåande skule til turnering og mykje moro i Gamlehallen. 

Arrangørane melder om god innsats og fornøgde ungdomar som fekk med seg mange kampar, godt utval i kiosken og eit aktiv måndag ettermiddag/kveld. 

 

 

Kontakt
Kalendar