Velkommen til volleyballgruppa i Stord IL!
Volleyball er ein rask og sosial lagsport der teknikk, samspel og taktikk avgjer. Sporten passar for alle aldrar og nivå, og gir både spenst, eksplosivitet og godt lagkjensle.
Volleyballgruppa i Stord IL vart stifta i 1976. I dag har me eit aktivt miljø med særleg satsing på barn og ungdom, og to seniorlag som spelar i 3. divisjon.
Meistring, glede og venskap
Dette er kjerneverdiane våre, og dei pregar alt me gjer. Me vil at alle skal oppleve å bli betre, ha det kjekt på trening og bli ein del av eit godt fellesskap, uansett om du er heilt ny eller har spelt lenge.

Dette tilbyr me:
- Minivolley (5–12 år)
- Ungdom (12–13 år)
- Jenter U15 og U17
- Gutar U15 og U17
- Jenter U19
- Damer, 3. divisjon
- Herrer, 3. divisjon
Kvar og når?
Me trener i gamlehallen på Vikahaugane. Oppdaterte treningstider finn du her.
Vil du prøve?
Du er alltid velkommen på ei prøvetrening! Meld deg inn i spond med koden BVLNO eller send ein sms til +4797061685, så hjelper me deg å finne rette gruppe.
Me treng deg òg
Klubben er driven av frivillige. Har du lyst til å bidra som trenar, lagleiar eller i dugnad, høyrer me gjerne frå deg.