Arego
kw:!support_us

Kampoppsett haust 2021

26.11: Kampoppsettet er no publisert i Profixio: https://www.profixio.com/app/matches/hobbyvolley_2021b/categories   

Vi minner om følgjande: 
  • Arrangør dømmer alle kampar. Her ber vi spesielt om at laga respekterer alle dommarar, og spesielt dei yngre
  • Reglement for turneringa kan vere greitt å lese seg opp på: https://stordvolleyball.no/hobbyvolley/reglement
  • Det er kiosk i hallen
  • Teiknebord for ungar
  • Mykje moro!
 
COVID-19
Viruset er dessverre framleis blant oss, og Stord Volleyball ber alle om å vere føre var under turneringa. Det blir satt ut antibac, samt at ballar blir sprita ved jamne mellomrom. Stord kommune ber innbyggarane om å halde avstand når det er mogleg, samt halde på god hand- og hostehygiene. Unngå å handhelse. Merkar du symptom skal du halde deg heime. Det kan særleg bli trangt ved sekretariatet og i kiosken. På tribunane i Nyehallen og Gamlehallen brukar det å vere god plass til å spreie seg ut. 
 
INFO OM PARKERING 
Vi oppmodar om å parkere på stor parkeringsplass vis à vis Circle K-stasjonen, og unngå parkering nær hallane. 
 
 
Stord Volleyball ønskjer alle lag velkomne! Vi gler oss!

 

Kontakt
Kalendar