Arego
kw:!support_us

Invitasjon til Ungvolley

OPPDATERT 17.10: Pga få påmeldte lag er turneringa diverre avlyst. Me har likevel tru på konseptet og kjem til å invitere til ny turnering på seinare tidspunkt. I mellomtida kan du jo prøve deg på våre volleyballtreningar. Me har det skikkeleg gøy!

Stord Volleyball inviterer med dette til UngVolley - ei ny volleyballturnering lagt til 26. oktober i Stord Idrettspark. Målgruppa er elevar i ungdomskule og vidaregåande skule i Sunnhordland. 

Me vonar dette kan vere interessant for kroppsøvingslærarar ved skulane. Med UngVolley ønskjer me å invitere lærarar til å leggje volleyballundervisninga i forkant av turneringa. Me vil presisere at lærarar ikkje skal organisere lag, men kanskje volleyball i kroppsøvingstimane kan vere med å inspirere til påmelding og ekstra fysisk aktivitet for ungdomane. UngVolley kan såleis vere eit mål og inspirasjon for undervisninga. 
 
Skular som har påmeldte lag vil få to nye volleyballar. I tillegg har me eit ekstra fokus på ungdomstrinnet i haust, der beste skule vil få komplett sett med langnett til verdi av ca kr 5000,-. Langnett er eit nytt konsept, der nettet deler ein volleyballbane på langs. Det gir høve for større ballaktivitet og kan kombinerast med t.d. badminton. Meir om langnett her: www.longnet.no 
 
Stord Volleyball ønskjer å vere ein ressurs for skulane, så ta gjerne kontakt om du ønskjer tips til volleyballøvingar, kurs, minivolleyball, utstyr mm. 
 
Det vil etter kvart kome meir informasjon vedrørande påmelding mm. 
 
Last ned invitasjon i PDF-format: Invitasjon UngVolley
 
 
 
Kontakt