Arego
kw:!support_us

Yngre serierunde nr 3 på Sotra

26.01.2014 |SA

J15 debuterte i seriespel i Ågotneshallen på laurdag. Her vann dei eitt sett, men tapte kampane. Ein lærer likevel mykje volleyball på seriehelgene, og her er mange som er inspirerte til vidare innsats på dei gode treningane til Anna og Aud Jorunn! 

Søndag spelte J17 og i Ågotneshallen, dessverre flytta frå Sotra Arena. Laget stilte med kun fem spelarar, spelte mange jamne sett, men tapte sine kampar likevel. 

G17 vart denne serierunden tildelt Sotra Arena og Stord spelte dobbel serie i 2. divisjon mot Sveio 2 og Selbjørn. Nivåforskjellen vart diverre stor, og Stord vann enkelt alle fire kampane 2-0. 

Til slutt litt om Sotra Arena på Straume. Eit fantastisk anlegg, men har likevel utruleg nok ikkje utnytta speleflaten til seks volleyballbanar. Handballgruppa i Sotra Sportsklubb nekta visstnok å lage til dei to siste banane på midten, fordi det vart for mange strekar for handball. Kva driv Fjell kommune med her?

Nokre glimt frå G17-kampane: 

Kontakt
Kalendar