Arego
kw:!support_us

Vellukka Open volleyballdag

23.11.2013 |SA

Det vart ein aktiv og morosam volleyballdag med mykje innsats og ballkontakt på dagens opne samling i Gamlehallen.

Dagen starta kl 12 med registrering og felles oppvarming med musikkinnslag a la beachvolley! Deretter vart spelarane delte inn i tre grupper - U13, U15 og U17/19. Gruppene fekk så innføring i grunnslaga med 15 min på kvar. Trenarane roterte med Kjetil på baggerslag, Knut Ove på fingerslag og Svein på smash/serv. 

Etter ca 45 min med teknikktrening var det mange tomme mager som vagla seg i Idrettsstovo med 20 pizza, brus og frukt. I pizzapausen vart det vist volleyballvideo frå yngre serierunde i fjor, oppvarminga til Polen og Russland frå september i år og bilete frå sist U13-serierunde på Sotra. 

Tilbake i hallane vart deltakarane delte inn i blanda lag og turneringsspel. Avslutning kl 15. Kjempefin innsats av alle 57 registrerte. Av desse var 20 nye! Me ønskjer alle velkomen til treningane våre framover! 

Takk til foreldre og andre som stilte opp og hjalp oss i dag!

Fleire bilete her!

Ein herleg volleyballgjeng på dagens Opne volleyballdag!

Kontakt