Arego
kw:!support_us

U13/19 seriehelg på Sotra

18.11.2013 |SA

U13: Trenar Kjetil Djuve melder om to forventningsfulle lag som sist laurdag drog til Sotra for å delta på si første seriehelg i U13 (minivolleyball). Her fekk dei spelt sine første volleyballkampar i seriespel. Mange inntrykk og mykje å læra!

Kampane vart gjennomførte med fleire langnett på tvers av hallen. Mange kampar på ein dag, men jentene takla det fint. Av åtte spelte kampar vart det to stordsigrar. Fleire av tapa var likevel jamne. I tillegg var det dommaroppgåver på fire kampar, ei utfordring jentene tok på strak arm. Slikt lærer ein mykje av. 

Jentene har stor motivasjon for å bli betre, og ser fram til nye treningar og ikkje minst neste seriehelg som vert heime på Stord 11. januar! 

U19: Jenter U19 var i aksjon i Bildøyhallen på søndag. Stordjentene møter tøff motstand mot lag som har ein god del lengre fartstid på volleyballbanen. Trenar Siw Haaland Pedersen melder likevel om god spelemessig framgang for jentene våre. 

Kontakt
Kalendar