Arego
kw:!support_us

To bortetap for stordherrene

14.02.2016

Stordherrene spelte to bortekampar mot Gneist og Lyderhorn i dag. Laget drog utan spelande trenar Øyvind L. Storebø. Dette vart likevel kompensert med sesongdebut for Mikal Asbjørnsen og Svein Andersland (som synes det er artig å spele på lag med sin yngstemann!). 

Mot Gneist kom aldri Stord skikkeleg i gang, og sleit spesielt med servemottaket.  Gneist er seireleiarar og er eit lag med mykje rutine og gjer lite feil i alle spelefasar. Det vart difor eit klart 0-3 tap, med settsifre vi ikkje vil publisere i dette forum! 

Kampen mot Lyderhorn vart ein heilt annan. Stord rokerte Vegard ut på kant og Mikal som diagonal. Saman med eit godt servepress og betre mottak satt samspelet mykje betre. Lyderhorn tok første sett 25-22. Andre sett var jamnt, men Stord klarte å dra det i land med 25-23. Tredje sett var jamnt før Stord, som i andre sett, drog i frå om lag halvvegs og vann dette 25-21. I fjerde sett var det litt tilbake til gamle synder i mottaket, Lyderhorn serva godt og vann settet klart 25-14. Det var da klart for eit femte sett der Stord kom bakpå og låg under 1-5. Klarte likevel å kjempe seg til leiing 11-10 før det var litt stang ut på slutten og Lyderhorn vann settet 15-13 og kampen 3-2. Likevel ein god kamp frå stordherrene med god innsats og kjempestemning på banen. Det lovar godt for dei tre siste heimekampane i 5. og 12. mars! 

Her er nokre glimt frå kampen mot Lyderhorn, med Ole som eminent fotograf! Fleire foto på Svein sin fotoblogg her

Kontakt