Arego
kw:!support_us

Tidenes volleyballhelt!

22.10.2014 |sa

I dagens Sunnhordland vart det avslørt kven som vann avstemminga om "tidenes volleyballhelt". Lorentz Kannelønning vann denne veldig fortent, og Stord Volleyball gratulerer helten!

Slik var omtalen av Lorentz i presentasjonen av kandidatane i avisa tidlegare i oktober: 

Lorentz markerer starten på organisert volleyball på Stord. Etter studiar i Trondheim kom Lorentz tilbake til Stord, der han saman med andre, m.a. Arve Blokhus, etablerte den spede starten for volleyballsporten på Stord. Først gjennom etablering av volleyball i Teachers United, seinare sentral i arbeidet med etablering av Stord Volleyballklubb, stifta 20. oktober 1976. Lorentz har frå starten til heilt ut på 1990-talet vore ein pådrivar for volleyball på Stord, både som spelar og mange år som leiar og trenar. I tillegg har Lorentz i mange år vore med Hystad Serv & Smash i HobbyVolley, seinast som sprek 70-åring i 2013! Me har mykje å takka Lorentz for!

Dagens artikkel er og godt lesestoff, faksimile frå Sunnhordland nedanfor (klikk for å forstørre). Lenke til artikkel i Sunnhordland for dei som har abonnement. 

Kontakt