Arego
kw:!support_us

Støtt Stord IL og volleyballgruppa gjennom Stordastraum

03.12.2015 |sa

Stord IL har inngått avtale med Haugaland Kraft om straumproduktet Stordastraum. Haugaland Kraft gir kr 300,- til Stord IL for kvar husstand som melder overgang til Stordastraum. SKL har vore ein hovudsamarbeidspartnar for Stord IL, men når Haugaland Kraft fusjonerer med SKL Marked og SKL Nett på nyåret, så overtar Haugaland Kraft mykje av sponsorrolla til SKL på Stord. Haugaland Kraft er klare på at dei ønskjer å støtte idretten på Stord, og ønskjer samstundes å utvide sin marknadsdel og her på Stord. Det er difor ein vinn-vinn situasjon for både idrettslaget og Haugaland Kraft å samarbeide om dette. 

Det er laga ei eiga heimeside der ein enkelt kan skifte straumleverandør. Her velger du først Stord IL, deretter Stord Volleyball. Da vil kr 300,- gå direkte til volleyballgruppa. Me vil øyremerke midlane til barne- og ungdomsarbeidet i gruppa. 

Me oppmodar alle medlemer om å nytte seg av dette tilbodet og samstundes støtte idretten. Får du spørsmål frå din gamle straumleverandør om å kome tilbake, så spør dette selskapet kva det gjer for det lokale idrettsarbeidet hos oss! 

Gå til Stordastraum for å skifte straumleverandør.

Les meir om Stordastraum i pdf-versjon

Kontakt
Kalendar