Arego
kw:!support_us

Stord J15 vann første serierunde på Husnes

05.11.2017 |sa

I dag var det sesongens første serierunde for U15 på Husnes. Stord stilte i jenteklassen, og gjekk heilt til topps! Stord slo Sotra og tapte mot Strand Ulv i puljespelet. I kvartfinalen vart det siger over Rossvoll. Semifinalen mot Strandvik vart svært spennande, 1-1 i sett og avgjerande 3. sett til 15 poeng. Her låg Stord under 11-14, men gjorde ei fantastisk opphenting og vann settet 16-14. I finalen vart Gneist slått 2-1. Imponerande innsats av spelarar og trenar/lagleiar Endre Bjørn Ladehaug!

Kontakt