Arego
kw:!support_us

Stor aktivitet med serierunde for U13 og U19

10.01.2016 |sa

Det vart som forventa full trøkk med volleyball i Gamlehallen på laurdag. 75 kampar vart avvikla for U13, fordelt på ni banar og tre langnett. Våre tre jentelag og gutelaget gjorde ein flott innsats der alle laga fekk oppleva både siger og tap. Her var kjempefin innsats frå mange lovande volleyballspelarar i tida framover. 

Søndag arrangerte me serierunde nr 3 for jenter U19, der Rossvoll til slutt vann finalen mot Strand-Ulv. Mange gode kampar her og! 

Kjekt var det og å vere vertskap for regionslaga for jenter og gutar U19 på laurdagen. Gode tilbakemeldinga på at laga hadde ei god treningssamling på Stord! 

Her er nokre glimt frå U13 på laurdag: 

 

Kontakt