Arego
kw:!support_us

Sølv til jenter U13 i RM!

10.04.2016 |sa

Laurdag 9. april var det duka for regionmeisterskapen (RM) for U13 i Sandslihallen med Gneist som arrangør. Stord stilte med to jentelag som gjorde ein kjempeinnsats. Stord 1 med Ingrid Ladehaug, Marie Djuve og Nanett Halwe vann si innleiande gruppe. I ein spennande semifinale klarte dei å slå erkerivalen Strandvik 2-1. I finalen tapte dei med små margin 0-2 mot Rossvoll. Det var ein flott andreplass og sølvmedaljar i RM! Stord 2 stilte med Margrete Mosaker, Malene Sørli, Eline Holsen Handeland og Marthe Halwe. Dei kom på ein flott andreplass i sluttspelet. Laget tapte kampane i sluttspelet, men spelte bra volleyball. Til slutt kom dei på ein flott 8. plass av i alt 15 lag. Samla sett var det ein godt fornøgd stordgjeng som kom heim.

Takk til Endre Bjørn Ladehaug (trenar), Per Øystein Kannelønning (trenar) Geir Mosaker (oppmann), Kjetil Djuve (støttespelar) og Jörg Halwe (støttespelar) for at de tek så bra vare på jentene våre! 

Foto: Jörg Halwe

Kontakt