Arego
kw:!support_us

Sesongavslutning 2. divisjon

16.03.2016

Sesongen 2015/16 er no over!

Damelaget avslutta med å slå Kvernbit 3-0 (25-21, 25-13, 25-20) og endte på ein flott 4. plass i seriespelet. Rankingpoenga skulle i utgangspunktet tilseie same plassering. Gratulerer til damene som har vunne 9 og tapt 5 kampar. Det har og vore positivt at yngre spelarar har vore med og bidrege. 

Her er sluttabellen i seriespelet (minus rankingpoeng):

1 Trio 14 12 2 38-9 1139-770 24
2 Nyborg 2 13 11 2 35-12 1086-871 22
3 Rossvoll 14 10 4 31-18 1104-988 20
4 Stord 14 9 5 27-21 1051-944 18
5 Askøy 14 6 8 25-30 1099-1170 12
6 Dalen 14 4 10 19-33 982-1166 8
7 BSI 2 14 3 11 17-35 988-1194 6
8 Kvernbit 13 0 13 5-39 721-1067 0

 

Damene er tydeleg fornøgd med sesongen, her etter siste seriekamp mot Kvernbit. Frå venstre: Ruth Løvø Steinsvåg, Grethe Anuglen, Oda Løvø Steinsvåg, Caroline Vikanes Moschin, Siw Haaland Pedersen, Marianne Velure, Gry Anette Tuset, Turid Verdal og Ane Kristine Storebø. 

Herrelaget spelte sine to siste kampar mot Lyderhorn (1-3) på laurdag og ein utsett kamp mot Sotra (0-3) i treningstida på tysdag. Før sesongstart var det eit uttalt mål å ta medalje. Skade og varierande treningsgrunnlag har gjort at det målet ikkje vart oppnådd, og laget endte på 5. plass. Fleire yngre spelarar forlet Stordøya neste år, og laget er avhengig av å få inn nye spelarar for å halde fram i 2. divisjon. 

Årets tabell:

1 Gneist 12 10 2 34-10 1046-812 20
2 Sotra 12 9 3 30-13 1002-776 18
3 Lyderhorn 12 8 4 29-19 1049-1016 16
4 NHHI 12 8 4 25-21 1030-1012 16
5 Stord 12 4 8 17-28 898-989 8
6 BSI 12 3 9 15-29 862-1028 6
7 BSI 2 12 0 12 6-36 750-1004 0

 

Årets herrelag utgjorde: Bak frå venstre: Ole Sæbø Sæbøvik, Torbjørn Nedrebø Søreide, Mikal Asbjørnsen, Vegard Vatna Selvåg, Anders Kalleklev Voreland. Midre rekke: Svein Andersland, Ivar Utbjoe Andersland, Erik Nilsen Onarheim. Liggjande foran: Anders Haga, Øyvind Langballe Storebø (spelande trenar). Jan Fredrik Andersen ikkje tilstades. 

Kontakt
Kalendar