Arego
kw:!support_us

Seriekampar 5. og 7. mars m.fl.

08.03.2016 |sa

Litt oppdatering av dei siste kampane i 2. divisjon. 

Måndag 29. februar spelte damene utsett kamp mot Dalen i treningstida. Stord vann såvidt 3-2, ein litt unødvendig slitesiger. 

Laurdag 5. mars var det tre heimekampar i Gamlehallen. 

Damene slo BSI2 greitt 3-0, men tapte mot Trio 0-3 (fire settballar i andre sett!). Stord har sjanse til revansje i utsett bortekamp mot Trio 10. mars. 

Herrene slo BSI 3-1, etter litt varierande spel. Måndag 7. mars spelte laget utsett kamp mot NHHI. Det vart veldig jamnt, men utan Anders som oppleggar kunne NHHI ta poenga med seg heim med 3-1 (25-17, 24-26, 27-25 og 25-23). 

Laurdag 12. mars er det to kampar i Gamlehallen, Lyderhorn kl 1000 for herrene og Kvernbit kl 1200 for damene. Tysdag 15. mars går siste kamp for sesongen mot Sotra kl 1900 i Gamlehallen (går i treningstida på liten bane). 

Kontakt