Arego
kw:!support_us

Resultat sandvolleyball sommar 2018

19.08.2018 |sa

Det har vore ein aktiv sommar for fleire noverande og tidlegare stordspelarar. Her følgjer ei oppsummering av aktivitetane. 

1. Ungdomsskulemeisterskapen i Strandvik 8. juni - Gull og bronse
Her tok Ingrid Ladehaug og Nanett Halwe gull i jenteklassen. Det vart og bronse i mix med Adrian Misini. Adrian spelte og med Helge (..) i guteklassen. Kjekt var det og med instruksjon av våre nye sandvolleyballstjerner Anders Mol og Christian Sørum, og andre frå BeachVolley Vikings. 

 2. Regionmeisterskapen i Øystese 17. juni - To gull og ein bronse
Her tok Ivar Utbjoe Andersland og Eirik Åsmul (Eikelandsosen) gull i både U19 og open klasse. 

I U17-klassen tok Ingrid Ladehaug og Nanett Halwe bronse.

3. NEVZA U19 i Tylösand, Sverige, 23.-24. juni - 4. plass
Ivar og Eirik vart før sommaren tatt ut på landslaget i U19 og representasjon i NEVZA-turneringa i Sverige. Det vart litt stang ut for gutane, som til slutt tapte knepent i bronefinalen. Det var likevel ei fin oppleving, om men ikkje så mange lag frå andre nasjonar som kunne forventas. 

Fotoalbum frå NEVZA, Tylösand i Sverige

4. NM U19 og U21, 31. juli-5. august - Sølv i U19, 8. plass i U21
Ivar og Eirik deltok og i NM for junior, i år i Oslo (etter seks år i Kristiansand). Laget var seeda som nr to og mykje låg til rette for å kunne betre bronsemedaljen frå i fjor. Mellom anna har gutane i sesongen delteke i Norges Tour i Strandvik, Oslo, Oddanesand (Larvik) og Stavanger. Denne sida er ny informasjonsside for sandvolleyball, inkludert rankinglista: https://beach.volleyball.no/

Her er eit kort referat frå facebook-sida vår: 
Det vart tap i finalen 0-2 (21-23, 12-21) mot favorittane Brekke/Ringøen. Det vart eit jamnt og velspelt førstesett, der Ivar/Eirik varta opp med årsbeste med solid spel i angrep, blokk og forsvar, i tillegg til godt og stabilt servepress. Hadde settball, men marginane gjekk dessverre imot. Andresettet vart prega av tapet i førstesettet, og klarte ikkje å kome opp på same nivået. Likevel ein god kamp, og sølv er hakket opp frå bronsen i fjor. Koll som arrangør la og opp ein flott ramme rundt finalane.

Fotoalbum NM junior

Ivar og Eirik med sølvmedaljar i NM U19. 

 

Kontakt
Kalendar