Arego
kw:!support_us

Resultat RM i Strandvik

14.06.2016 |sa

Det vart ei flott sandvolleyballhelg i Strandvik 11.-12. juni. Strålande vèr og 78 påmeldte lag i mange klassar heldt fem banar i aktivitet frå morgon til kveld. 

Fleire stordspelarar var med. Nanett Halwe og Ingrid Ladehaug debuterte i JU15 (har vore U13 inne i år) og fekk god motstand. Likevel god erfaring å vere med for to jenter som har stort potensiale i volleyball. Takk til trenar Endre Bjørn som følgde jentene tidleg søndag morgon!

På gutesida spelte Ivar Utbjoe Andersland saman med Johannes Helland-Hansen i både U17- og U19-klassen. I U17 gjekk gutane til topps og kom heim med både penge- og gåvepremiar. Veldig kjekt og gratulerer som regionmeistre i G17! I U19 vart dei nr 4, ein veldig god prestasjon det og. 

I Open klasse på søndag deltok Anders Kalleklev Voreland og Håvard Utbjoe Andersland. Dei endte til slutt på delt 7. plass av 12 lag. 

Resultatliste

Fotoalbum

Gull, sølv og bronse-gutar i G17. 

Ivar og Johannes i aksjon i G17-klassen. 

Ingrid og Nanett i aksjon. Endre Bjørn følgjer ivrig med. 

Kontakt
Kalendar