Arego
kw:!support_us

Resultat jenter og gutar U17

19.03.2014 |sa

Søndag 16. mars spelte U17-laga våre fjerde og siste serierunde i Norheimsund og Øystese:
- Jenter U17 vann to kampar mot Nyborg og Gneist og tapte to i 3. divisjon. Det ga 3. plass og flott pokal og medaljar med seg heim! Høyrer med at jentene kun var fem spelarar, så godt jobba!
- Gutar U17 rykka opp til 1. divisjon i førre serierunde, og møtte sterk motstand i Øystese i dag. Starta veldig bra med 28-26 over Rossvoll i første sett, men tapte til slutt 1-2. Mykje bra spel vart det og mot Sotra og Sveio, men tap her også. Tre tap til tross, så beit gutane godt frå seg mot gode lag!

 

Ivar med smash på kant mot serievinnarane Sotra. Emil og Ole klar i blokkretur. 

G17-laget i Øystese. Siste serierunde i denne årsklassen for Karl Fredrik, Svein, Ole og Torbjørn!

Jenter U17 som spelte i Norheimsund.

Kontakt
Kalendar