Arego
kw:!support_us

Oktober + volleyball = sant!

17.10.2014 |sa

Oktober er volleyballgruppa sin månad i Bladet Sunnhordland. Som del av Stord IL sitt 100-årsjubileum har kvar undergruppa i hovudlaget sin månad. Volleyball har no sin månad med fire onsdagsoppslag, som følgjer:  

  1. Første onsdag i oktober vart 10 kandidatar til tidenes volleybalhelt presenterte: Lorentz Kannelønning, Reidar Aarskog, Karl Henrik Gjerde, Aasmund Storebø, Otte Bjelland, Gry Anette Tuset, Odd Breirem, Kjetil Djuve og Svein Andersland. Sjå artikkel i Sunnhordland med avstemming (kun for abonnentar). 
  2. Andre onsdag vart gruppa sin aktivitet i dag og tankar kring dette presentert: Artikkel i Sunnhordland (krev abonnement). 
  3. Tredje onsdag presenterte historia til Stord Volleyball, frå starten tidleg på 1970-talet med stifting av Stord Volleyballklubb i 1976. Artikkel i Sunnhordland (krev abonnement). 
  4. Siste onsdag i oktober vert tidenes volleyballhelt presentert. Denne personen er stemt fram av lesarane til Sunnhordland. Me lever i spenning om kven som går til topps!

For dei som ikkje er kan logge seg inn på artiklane på www.sunnhordland.no vil det litt seinare bli lagt ut kopi av papirutgåvene av artiklane. Mykje artig lesestoff her! 

 

Kontakt