Arego
kw:!support_us

Mykje bra spel i U15-17 serierunde i Bergen

14.12.2014 |sa

Det vart ei oppmuntrande og kjekk volleyballhelg i Haukelandshallen i helga. På laurdag spelte J15 i 3. divisjon og gjorde sine saker svært bra. Vann tre av fire kampar og tok bronseplassen! Veldig fin framgang spelemessig og kjekt å vinne kampar. 

J17 spelte i 2. divisjon på søndag. Her vart det mange jamne kampar og god betring i spelet. Jentene tapte kampane i puljespelet, men slo Gneist Opal i plasseringsspelet 2-0. Ein flott gjeng med jentespelarar me har i klubben! 

Glade U15-jenter etter siger i bronsefinalen!

U17-jenter med flott innsats og kjempefin framgang! 

Kontakt