Arego
kw:!support_us

Minivolleyballsamling med Sveio!

14.10.2014 |sa

Måndag 13. oktober fekk me besøk av gute- og jentespelarar frå Sveio. Me fekk spelt mange treningskampar etter felles oppvarming leia av våre G19-gutar. Til saman var 25 spelarar i sving med spel over langnett og to banar. 

For mange av spelarane var dette første gong dei fekk spelt kampar, så mange spente fjes som dukka opp i Gamlehallen. Etter to timar aktivitet, var det avslutning i Idrettsstovo med pizza og utdeling av diplom til alle spelarane. Vel fortent etter flott innsats! 

Her er nokre fotoinntrykk: 

 

Kontakt