Arego
kw:!support_us

Mini-/ungdomstrenarkurs på Stord 10.09.16

11.09.2016 |sa

Laurdag 10. september arrangerte Hordaland Volleyballregion i samarbeid med Stord Volleyball mini-/ungdomstrenarkurs i Stord Idrettspark. 

11 deltakarar frå Sveio og Stord deltok med ein alltid flink og engasjert instruktør Eilev Nyland. Deltakarane viste god aldersspreiing frå yngre junior til 70 år! 

Kurset vart gjennomført med to timar teori i Idrettsstovo og seks timar praksis i Gamlehallen, i tillegg til ein nettbasert teorimodul. Kurset utgjer modul 1 i Norges Volleyballballforbunds Trenar 1-utdanning. Målsetjinga er å leggje til rette for meir funksjonell volleyballaktivitet for barn og unge. Ein legg difor vekt på organisering og praktisk pedagogisk tilrettelegging der utøvarane skal ha eit høgt aktivitetsnivå med flest mogleg ballinvolveringar. 

Kurset kvalifiserer til å trene yngre lag og vere lagleiar i kampar. 

Her er nokre glimt frå dagen:

Kontakt
Kalendar