Arego
kw:!support_us

Kværner HobbyVolley nr 33 i boks!

11.11.2016 |sa

Det 33. Kværner HobbyVolley vart arrangert 5. november. 26 lag deltok og skapte nok ein gong flott stemning både sportsleg og sosialt i Stord Idrettspark.

Pga flytting av arrangementet frå opprinneleg dato 12. november var vi spente på påmeldinga og om arrangementet kunne tåle ei flytting mindre enn tre veker før. I tillegg fekk vi uheldig kollisjon med Sydvesten i Haugesund og serierunde for vårt U15-lag. Det vart likevel bra med påmelding og eit HobbyVolley av godt gamalt merke! 

Til info vart flyttinga gjennomført for å kome Fitjar Stord Hundeklubb i møte, som på si side hadde bestilt feil dato til sitt store årlege arrangement. 

Sjå i hovudmenyen under "Kværner HobbyVolley" for resultat og fotoalbum. 

Glade bronsevinnarar frå Torsdagskveld frå Vikahaugane!

Spreke studentar i Råmund stilte sterkt i haust og!

Kontakt
Kalendar