Arego
kw:!support_us

Juleturnering, julesang og julegraut!

16.12.2014 |sa

41 spelarar møtte til juleavslutninga i Gamlehallen på måndagstreninga. Frida S og Ingvild på J19 organiserte og leia oppvarming og turneringsspel. Det laget med flest vunne kampar kunne seinare hente pokal under premieutdelinga i Idrettsstovo. Med blanda alderslag vart det ei god speleøkt fram til klokka halv åtte. 

I Idrettsstovo hadde Frode ordna med årets beste julegraut med tilbehør - og 55 stk klarte nesten å ete opp alt. Men før den vart slukt av svoltne spelarar var det flott song og spel av Erik og Per Øystein. Deretter premieutdeling ved Svein, som etter loddtrekking kunne overrekke smakfulle sjokoladepremiar til "beste" smasher (Ivar UA), blokkar (Adrian), mottakar (Amalie), server (Ivar) og oppleggar (Maria H).

Premiar gjekk og til to foreldre som er med og hjelper til på U13-treningane - Jörg og Endre Bjørn, samt premie til årets "hardhaus", eller kanskje meir presist prolapsnissen Knut Ove. Han gjer ein kjempejobb med J19-laget, sjølv om ryggen heilt sikkert ikkje skulle vore med på alt. 

Den gjevaste premien gjekk til slutt til "Årets klubbspelar 2014" som vart Ingrid på J15/17! 

Som om ikkje dette var nok, så runda Aud Jorunn av kvelden med pakkequiz, sjølvsagt med premiar til både vinnar og dei som ikkje hadde vunne noko denne kvelden! Når det heile så vart toppa med seks mandlar i grauten og tilhøyrande sjokolademyntar, så er me alle samstemte om at alle gjekk nøgde heim att! 

Her er nokre glimt frå avslutninga: 

 

 

  

 

Kontakt
Kalendar