Arego
kw:!support_us

JU13 med flott spel i siste serierunde i Bergen

09.03.2014 |sa

Stord jenter U13 deltok laurdag 8.mars i sesongens siste seriehelg i Sandslihallen i Bergen. Det ga både pokal og mange gode prestasjonar.

Stord deltok med tre lag. Etter innleiande puljespel blei det finalespel for Stord 1. Her blei det tap mot eit godt Sveio-lag. Kampen var jamn. Stord vann første sett etter først å ha hatt ei klar leiing, men Sveio tok kraftig innpå mot slutten av settet. Ein styrke då å likevel dra settet inn. Sveio tok 2. sett, og då var det klart for eit avgjerande finalesett. Jamt det også, med Sveio litt foran heile vegen, slik at det til slutt enda med tap 2-1 for Stord-laget.

Jentene må likevel være godt nøgde med strålande innsats. Stord 2 og Stord 3 kapra 5. og 4. plass etter mykje bra spel.

Dette har vore debut-sesongen i seriespel for jentene frå Stord. Dei har delteke i klassen med hold. Til neste år bør det være eit klart mål for mange av spelarane å hevde seg i vanleg spel (utan hold).

Kjetil Djuve, trenar

Kontakt