Arego
kw:!support_us

J15 med seriedebut på Sotra

28.01.2014 |sa

Her kjem ein liten rapport frå serierunde på Sotra 25.januar. Me reiste frå Stord ein stormfull laurdag morgon og var spente på om me skulle komma oss over Sotrabrua på veg til kampane våre denne dagen. Vindkasta var på plass, men sjåføren haldt godt i rattet så me kom oss sikkert over. I Ågotneshallen var kampane allereie godt i gang og me gjorde oss klare for første kamp. Ungdommane vann første sett mot Trio 4 og kjempa tett dei to neste setta, me tapte likevel denne kampen, men kjekt hadde det vore. Så skulle me prøva dommaregenskapane våre. Med litt hjelp frå ein dommar ifrå Sotra klarte jentene seg godt også her. To kampar til stod på programmet, og me jobba godt, men gjekk diverre på tap i begge. I siste kamp viste gjengen at dei var villige til å kjempa meir og viste gode takter til godt spel. Opptil fleire gonger kom mottaket opp til leggar og leggar la tilbake til medspelerane sine, dette likar me!!! Og når me fekk i gang heiagjengen vår på sidelinja auka stemninga og me hadde det veldig kjekt. Sjølv om spikeren ikkje var lett å løysa frå golvet, sjølv om overarms-servane ikkje satt heilt slik ein skulle ynskja, sjølv om me ikkje er så gode på å snakka saman på banen, så hadde me ein fin tur til Sotra. Me lærte mykje og engasjementet auka, no veit me kva me må jobba vidare med. Då gler me oss berre til neste seirerunde i Øystese. 

Mvh Aud Jorunn Vedøy

 

Flott innsats av J15 på Sotra!

Kontakt